Kristin Bolstad
MORGON / KVELD
Kristin Bolstad
Eira Sjaastad Huse
Linnéa Sundfær Casserly
ACD5113
2023
Aurora Records har gleda av å presentere albumet MORGON / KVELD av den norske komponisten Kristin Bolstad. MORGON / KVELD er skrive som eit stadsspesifikt verk og legg vekt på det emosjonelle i musikken.
MORGON og KVELD er opphavleg to stadspesifikke verk for 3 vokalistar og James Turrell sitt lysverk Hardanger Skyspace i Øystese. MORGON og KVELD fungerer som speglingar av kvarandre, der det eine verket startar der det andre sluttar, og omvendt. I samanheng vert dei to verka som ein syklus utan ein klar start eller slutt. Verka har ein kontemplativ karakter og søkjer reflektera lyset sin syklus gjennom demring og skumring, og den evige repetisjonen av det å vakna til liv og gå til ro. Langsame endringar er berande for verka og kan på mange måtar minna om ein lydleg meditasjon, slik også Hardanger Skyspace fungerer som ein meditasjon over lyset.
Hardanger Skyspace har som formål å sjå på himmelen ved soloppgang og solnedgang. Gjennom ei ellipseforma opning i taket ser ein opp på himmelen og korleis lyset endrar seg gjennom demring og skumring, medan skiftande fargar inni rommet manipulerer opplevinga av det ein ser. Hardanger Skyspace inviterer til ei kontemplativ oppleving men stiller samstundes spørsmål ved vår eiga persepsjon gjennom synsbedraga som oppstår i møtet med lysverket.
MORGON og KVELD vart urframført i Hardanger Skyspace i samband med haustjamdøger, september 2022. I konsertversjonen fyl verka soloppgang og solnedgang, slik også Hardanger Skyspace gjer, og lengda på verka endrar seg dermed i takt med lengda på soloppgang og solnedgang gjennom året. Denne innspelinga er derimot blitt gjort i studio og verka har i tillegg vorte omarbeidd og tilpassa ein kortare versjon med tanke på utgjeving.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
KRISTIN BOLSTAD er komponist, vokalist og musikar. Ho er kjend for si interesse for klang, det fysiske rom og musikken som eit uttrykk for kjensler. Gjennom fleire stadspesifikke verk har ho utforska akustikk og psykoakustiske fenomen, samt knytta musikken og staden den er komponert for saman. Kristin har komponert for ensemble som Alpaca Ensemble, CRAS ensemble, Telemark kammerorkester, Quatuor Bozzini, Scenatet og 1982 trio. Musikken hennar har vorte framført på festivaler som Borealis festivalen i Bergen, Ultimafestivalen i Oslo og Klang festivalen i København.
LINNÉA SUNDFÆR CASSERLY er songer og blokkfløytist med utdanning frå Norges Musikkhøgskole og Hochschule für Musik und Theater Hamburg. Linnéa sitt hovudrepertoar er barokkmusikk og ny musikk, og ho samarbeider jamnleg med nolevande komponistar i inn- og utland.
EIRA SJAASTAD HUSE har sunge ved operahus som Opéra National de Lyon, Royal Opera House Muscat og Den Norske Opera & Ballett, og ved festivalar som The Verbier Festival, Festival d’Aix-en-Provence og Oxford Lieder Festival. Eira er også komponist og har mellom anna skrive ein kammeropera.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
Tittel:
Artist:
Vokalistar:
Katalognr.:
Utgjevingsdato:
Varighet (TT):
Format:
EAN:
Produsentar:
Teknikar:
Innspelingsstad:
Kunstverk:
Design:
​
MORGON / KVELD
Kristin Bolstad
Kristin Bolstad
Eira Sjaastad Huse
Linnéa Sundfær Casserly
ACDLP5113
22. September 2023
39:16
LP, digitalt
7090057990129
Audun Strype
Kristin Bolstad
Audun Strype
Strype Audio (september 2021)
Ester Grossi
BLUNDERBUSS
SIDE 1: MORGON
1. Demring I
2. Demring II
3. Demring III
4. Demring IV
5. Demring V
6. Demring VI
7. Demring VII
8. Demring VIII
SIDE 2: KVELD
9. Skumring I
10. Skumring II
11. Skumring III
12. Skumring IV
13. Skumring V
14. Skumring VI
15. Skumring VII
16. Skumring VIII
// 19:55
// 2:11
// 1:40
// 1:16
// 2:30
// 2:00
// 4:24
// 3:16
// 2:10
// 19:12
// 1:44
// 2:40
// 4:12
// 2:12
// 3:00
//1:36
// 1:00
// 2:20
Hanne Rekdal
Prosjektleder / Label Manager
Tel + 47 98655793